Senteret starta i 2009. Dei oppsøkte då borna på gatene og bygde tillit. Dei fekk tidleg eit godt samarbeid med politiet som hadde ein kampanje mot tigging. Politiet oppmodar borna om å bruke senteret. Sidan starten har over tre hundre born gjort dette.
Desse borna lever utanfor det ordinære samfunnet. Dei manglar fødselsattestar og ID-papir og viser ikkje i statistikkane. Dei lever i stor fattigdom, er ofte utsette for vald og overgrep og er ei høgrisikogruppe når det gjeld menneskehandel. Dei er dobbelt diskriminerte – som Romfolk og som fattige. I tillegg er jentene spesielt utsette blant anna for å bli gifta bort svært tidleg.
På senteret blir dei møtt med respekt. Alle tilboda er frivillige. Dei kan få mat, bad, vaske klede og hjelp til å komme inn på skulen. Senteret har mange ktivitetstilbod og PCar som dei får bruke til fastsette tider. 26 av borna er no i gang på skulen og nye to skal starte til hausten.
Det er ein vanskeleg og tidkrevande prosess å få desse borna inn i skulen. ID-papir må skaffast og berre det kan ta månader, foreldra må påverkast og borna må forebuast på dei krava skulen stiller. Senteret legg vekt på at arbeidet med foreldra er svært viktig. Dei reiser ofte på heimebesøk til desse, Bodskapen til senteret er at utdanning er essensielt for framtida til borna.

Vi avslutta programmet vårt med besøk på Redd Barna-kontoret. Det var kjekt å få takke for opplegget dei hadde førebudd svært godt.