Etter eit sterk møte med Srebrenica, gjekk turen vidare til Tuzla der vi besøkte både eit “drop-in” – senter og ein flyktningleir.
“Drop-in” – senteret, som vert dreve av organisasjonen Zemlja Djece, er eit tilbod for alle born og unge i Tuzla. Mellom ni og tre er senteret ope for born som ikkje går på skule og jobbar på gaten som tiggarar. Dette er i stor grad Rom-born. Senteret hjelper borna med å komme inn i regulær skule og tilbyr skuleførebuande kurs for eldre born.
Organisasjonen vart stifta rett etter krigen i 1995 for å hjelpe borna som var internt fordrevne og alle borna som sleit med traume.
På slutten av 90-talet vart problemet med born som jobba / budde på gata så tydeleg at senteret utvida arbeidet sitt for å hjelpe desse borna. Dei oppsøkte borna på gata og kom i dialog med borna og foreldra deira. Litt etter litt vart fleire og fleire faste brukarar av senteret. På senteret får dei tilbod om eit varmt måltid og ein sjanse til å vaske klea sine utanom dei øvrige utdannings- og aktivitetstilboda.
Zemlja Djece driv også politisk lobbyverksemd. Organisasjonen har greidd å endre lovverk for å hjelpe Rom-born og foreldrelause flyktningeborn. Til dømes er privatisteksamenar for grunnskulen og helsestell no blitt gratis for borna. I tillegg får Rom-borna og foreldra deira hjelp til å skaffe identifikasjonspapir, slik at dei får rettar i det offentlige systemet og blir mindre utsatt for menneskehandel.
Senteret har mange aktivitetar, både for gateborna og andre born. Då vi kom på besøk var delar av trommegruppa i full gang med øving. Dei skulle snart halde konsert i samband med ein større tennisturnering. Fleire kjente musikarar starta også sin karriere på senterets rockeverkstad.
Som ei motvekt til alt fokuset i Bosnia & Hercegovina på det negative, har organisasjonen starta opp med ei årleg prisutdeling for tenåringsgutar og jenter. Her kan tenåringar som hevdar seg innen skule, idrett, kultur og kunst eller humanitært arbeid vinne priser.
Organisasjonen driv også arbeid med borna i flyktningeleirer i Mihatovici 20 minutter kjøretur unna Tuzla. Borna her er isolerte og har lite høve til å komme seg ut av leiren og besøke senteret.
I leiren bur det om lag 600 menneske. Dei fleste er internt fordrevne flyktningar (i stor grad frå Srebrenica) som ikkje har hatt midlar til å flytte heim att. Leiren vart eigentleg vedtatt stengt men no brukar myndigheitene leiren til å plassere vanskelegstilte familiar frå Tuzla.
Skulen i leiren var bygd av Kirkens nødhjelp. Vi snakka vi med rektoren; ein svært engasjert mann frå Srebrenica. Trass i dei dårlege materielle tilhøva, var borna i leiren framifrå elevar. På dei ti åra skulen har eksistert kunne rektor fortelje at dei ikkje hadde hatt noko tilfelle av hærverk eller røyking på skulen, slik som mange andre skular opplever. Dei gode resultata til skulen har også gjort skulen attraktiv for born i landsbyane rundt leiren.
Skulen har opna dørene for Zemlja Djece, som driv leksehjelp og aktivitetar med fokus på barnerettane for borna og rådgjeving til foreldra.
I ein uferdig og nedsleten idrettshall spela nokre av borna fotball med ein frivillig trenar. Rektor kunne fortelle at borna sjeldan er utanfor leiren. Når dei blir spurt om kva dei ønskjer seg, gir barna beskjedne svar. Dei kunne tenkje seg å kanskje få lov til å dra til eit symjebasseng eller sjå ein fotballkamp. Vi såg at aktivitetsgrupper ala Redd Barna Bergen Aktiv kunne gjort stor nytte for seg her. Medan born i Noreg er opptekne av materielle goder er rektor sikker på at borna i leiren er nøgde med det vesle dei har. Samhaldet er godt og ingen er utanfor her, verken Rom-born eller andre minoritetar. Alle har eigenskapar og eit mål om å nå langt, noko dei gode resultata på skulen speilar att.